Boligsalgsrapport

Når du skal selje bustad, vert ein Boligsalgsrapport anbefalt.

Ein Boligsalgsrapport er ein byggteknisk gjennomgang av eigedomen/bustaden som er tilpassa bustadssal. Rapporten gir eit skriftleg bilete av bustaden sin tilstand i tillegg til verdivurderingane som vert gjort i ein ordinær takst. Det er viktig å påpeike at tilstandsvurderingane som vert gjort i ein Boligsalgsrapport, i motsetnad til i ein vanleg takst, vert utført ved bruk av: 

  • Stikkverktøy (kniv, syl eller liknande) - for å avdekkje veikskap i konstruksjonen, som til dømes råtesopp og/eller elde.
  • Instrument - for å søkje etter fukt (fuktindikator/fuktmålar)

  • Lykt - for å sjå der det er mørkt.

  • Observasjon av tak der det er utfordrande tilkomst.

Takstmannen nyttar også si erfaring og kunnskap om symptom på veikskap for å avdekkje bustaden sin tilstand. Undersøkingane vert gjennomført på nivå 1. Det inneber at det ikkje vert gjort inngrep for å avdekkje eventuelle skjulte svikt i konstruksjonane.

Boligsalgsrapport fra Norges Takseringsforbund er basert på Norsk Standard for teknisk tilstandsanalyse ved omsetning av bustad (NS 3600). Bustaden vert vurdert ut frå byggjereglar/forskrifter, byggeskikk og fagleg utføring frå den tida bustaden vart oppført / eventuelt renovert. Dette vert omtala som referansenivået for vurderinga av tilstanden.

I dag ligg det inne eit lovforslag som mellom anna vert støtta av Forbrukerombudet, om at Boligsalgsrapport skal verta lovpålagt ved omsetning av bustadeigendom. Dette for å sikre ein tryggjare bustadhandel ved at ein veit meir om bustaden ved eit kjøp.

Pris:

  • Leilighet (under 100 m²): 9 000 NOK
  • Einebustad (under 220 m²): 11 000 NOK
  • Pris på oppdrag som overstig skildra areal vert avtalt individuelt.